Lasarus, hefte. PDF

kr200,00

Jubileumssongar i høve Ung kirkesang korsommarskular i 30 år 1996–2025

9 songar for ungdomskor SAB

Produktnummer: 372-1 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Jubileumssongar i høve Ung kirkesang korsommarskular i 30 år 1996–2025

9 songar for ungdomskor SAB

Songane i dette heftet har blitt vurderte i ein open konkurranse i høve at Ung kirkesang markerer korsommarskular i 30 år i 2025.

Juryen er svært takksame for interessa for konkurransen og for alle dei 36 innkomne bidraga. 21 av bidraga var i klassen for Ungdomskor SAB. Det var mykje spennande og interessant å velje mellom, og jobben vart difor både vanskeleg og inspirerande. Juryen har vektlagt at vinnarbidraga skulle vere sangbare, ha gode akkompagnement, og at tekst og musikk skulle fungere godt saman. I tillegg har det vore viktig at bidraga skal fungere for målgruppa med tanke på til dømes toneleie og stemmeføring.

Dei innsendte bidraga hadde fin variasjon av uttrykk, sjanger og tradisjon, både tekstleg og musikalsk. Vi vil takke alle som har sendt inn bidrag. Det er flott å sjå breidda i den nye musikken som vert laga rundt om i barne- og ungdomskormiljøa i Noreg.

Juryen har samrøystes konkludert slik:

Prisvinnarar Ungdomskor SAB:

1. premie:

Lasarus, musikk: Trond Gilberg, tekst: Arve Brunvoll

2. premie:

Det hev ei rose sprunge, musikk: Joanne Coldicott Dalene, tekst: Tysk 1587, O: Peter Hognestad 1921

3. premie:

En vårsang i forsommertid, Musikk: Kristine Bratlie, tekst: Anna Emvinelle

I tillegg ber juryen kirkesangforlaget å gje ut desse songane:

Gled og fryd dere, musikk: Henrik Ødegaard, tekst: Matt 5.12/sal. 86,2–4

Simeons lovsang, musikk: Kristian Hernes, tekst: Luk 2,29–32

Salme 23 for ungdomskor, musikk: Kristian Hernes, tekst: Salme 23

Den som elsker meg, musikk: Svein Erik Gundersen, tekst: Joh. 14,23.27

Se på fikentreet og alle andre trær, musikk: Trond Gilberg, tekst: Lukas 21,29 / Mark 4,26–27.31–32

Møt oss med et smil ved verdens ende, musikk: Trond Gilberg, tekst: Sindre Skeie