Vesle lam i blomeeng, hefte PDF

kr200,00

Jubileumssongar i høve Ung kirkesang korsommarskular i 30 år 1996–2025

11 songar for barnekor

Produktnummer: 373-1 Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Jubileumssongar i høve Ung kirkesang korsommarskular i 30 år1996–2025

11 songar for barnekor

Songane i dette heftet har blitt vurderte i ein open konkurranse i høve at Ung kirkesang markerer korsommarskular i 30 år i 2025. Konkurransen hadde innleveringsfrist 1. november 2024.

Juryen er svært takksame for interessa for konkurransen og for alle dei 36 innkomne bidraga. 21 av bidraga var i klassen for Ungdomskor SAB. Det var mykje spennande og interessant å velje mellom, og jobben vart difor både vanskeleg og inspirerande. Juryen har vektlagt at vinnarbidraga skulle vere sangbare, ha gode akkompagnement, og at tekst og musikk skulle fungere godt saman. I tillegg har det vore viktig at bidraga skal fungere for målgruppa med tanke på til dømes toneleie og stemmeføring.

Dei innsendte bidraga hadde fin variasjon av uttrykk, sjanger og tradisjon, både tekstleg og musikalsk.

Vi vil takke alle som har sendt inn bidrag. Det er flott å sjå breidda i den nye musikken som vert laga rundt om i barne- og ungdomskormiljøa i Noreg.

Juryen har samrøystes konkludert slik:

Prisvinnarar barnekor:

1. premie:

Herren velsigne deg, musikk: June Baarøy Myhrstad, tekst: 4 Mos 6,24–26

2. premie:

Hvem kan se Gud, musikk: Marie Håkensen, tekst: Sindre Skeie

3. premie:

Hosianna, Davids sønn!, musikk: Trond Akerø-Kleven, tekst: Dag Kaspersen

I tillegg ber juryen kirkesangforlaget å gje ut desse songane:

Vesle lam i blomeeng, musikk: Kristine Bratlie, tekst: Marita Bjørke Ådland

Håp, kom til meg, musikk: Gunhild Hjertås, tekst: Matt 11,28

Ved lysgloben- Lyset i midten er Jesus, musikk: Ivar S. Haugen, tekst: Ingvild Ø. Vist

Adventsmotett for barnekor, musikk: Kristian Hernes, tekst: Matt 21,16.5

Frykt ikke, for jeg er med deg, musikk: Kristian Hernes, tekst: Jes 41,10

Lilja, musikk: Olav Arne Steinkopf, tekst: Haldis Totland Reigstad

Jeg vil lovsynge deg, min Gud og Konge, musikk: Svein Erik Gundersen, tekst: Salme 145

Tror du Gud kan se?, musikk: Tone Ophus, tekst: Tone Ophus

Marta og Maria, musikk: Trond Gilberg, tekst: Arve Brunvoll