Du som har tida i di hand (PDF)

kr70,00

Produktnr: 318-1 Kategorier: ,

Beskrivelse

Tekst: Jochen Klepper
Melodi: Tysk folkevise omkr. 1500
Oms.: Arve Brunvoll
Arr.: Edgar Hansen

Dette arrangementet vart skrive til St. Johannessangerne i 2014. Arrangementet til denne salma, nr 836 i Norsk salmebok 2013, vart laga til ein salmekveld i St. Johannes kirke, Stavanger, der salmediktaren Arve Brunvoll medvirka. Arrangementet vart innsendt til Kirkeforlaget hausten 2022, og blir utgitt på 80-årsdagen for Jochen Kleppers død. Jochen Klepper var romanforfattar, radiomann og salmediktar. Den 11. desember 2022 det 80 år sidan Klepper og den jødiske kona og dottera hennar tok livet sitt etter å ha fått det endelege “nei” frå Adolf Eichmann til at kvinnene kunne få utreiseløyve frå Tyskland. Over minnesteinen i Berlin-Nikolassee står det “Gott ist grösser als unser Herz”. 1. Joh. 3,20.